![]() |
Olav Bøe |
Bøkene |
||||
|
Dei fine tonane er boken om Bjarne Herrefoss frå Telemark - meisterspelemannen som har spelt over 250 kappleiker etter krigen og som i sine beste stunder har aust ut djup og nypløgd slåttemusikk i si eige tapping og med slik energi at det gjekk som eit sus gjennom salen. Ikkje rart han snart vart den mest populære spelemannen på kappleikane. I boka kan du lese om alle dei store og mindre kjente spelemenn som har vore inspirasjon for spelet hans. Boka tek også for seg til no ikkje omskrivne episodar frå det rike folkemusikkmiljøet i Telemark etter krigen - ei blomstringstid med mange store kunstnarar og svært hard konkurranse på kappleikane. |
||||||
|
|
||||||